Om å som infinittheitspartikkel og ei grammatikk-teoretisk fundert leksikografisk formidling
PDF

Hvordan referere

Aa, L. I. (2022). Om å som infinittheitspartikkel og ei grammatikk-teoretisk fundert leksikografisk formidling. Maal Og Minne, 114(2). https://doi.org/10.52145/mom.v114i2.2125

Sammendrag

Artikkelen har to formål: å kartlegge den teoretiske statusen til «infinitivsmerket» å og å argumentere for ei grammatikk-teoretisk fundert leksikografisk formidling. Etter tusenårsskiftet har å vorte grundig behandla både diakront og synkront, og det er ei viss semje om dei diakrone statusendringane: frå subjunksjon i norrønt til verbklitikon i eldre nynorsk tid til subjunksjon igjen frå nyare nynorsk og frametter. Den synkrone subjunksjons­statusen blir som hjå Faarlund (2015) problematisert her og ein lågare plassert infinittheitspartikkel foreslått. Parallelt med den nye å-forskinga har det vorte produsert fleire leksikografiske spaltemeter i Noreg enn nokon gong før, og den grammatiske sida av leksikografien har vorte teoretisert. Hovudlinjer frå den grammatisk-leksikografiske litteraturen blir evaluert og med det eit mønster for leksikografisk formidling av grammatiske problem som å og andre funksjonsord fører med seg, foreslått. Hovudbodskapen er at ordartikkelen må vere både presis og open nok til å predikere unemnd empiri.

https://doi.org/10.52145/mom.v114i2.2125
PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2022 Leiv Inge Aa